Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ras i raset

Elinor Bolme Tysdag 3. desember 2019

Etter eit halvt døgn med store nedbørsmengder så har det på fleire stader mellom Surnadal og Todalen no i ettermiddag rasa ut snø i vegbanen. To plassar i ved Hyldbakkan og litt over klokka 16 kom det ein del mengder ned på samme staden som raset uti stranda. I Hylbakkan hadde mening komme på plass på den eine plassen, medan det kanskje kom litt brått på bilistane dei to andre plassane.

Fleire vart nok også for utfordrande kjøreforhold på morgonkvisten, med store mengder sørpe som vart produsert av regnet. No har brøytemannskapet fått unna det aller meste, og berre isen og noko vatn i kjøyrebana er att inne i bygda.

 

 

 

Publisert: 3. desember 2019, 16:43