Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Rapport frå Økonomi- og markedsgruppa

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 8. juli 2020

På årsmøtet i Todalen Idrettslag den 4.juni i år såg ei ny gruppe dagens lys, nemleg Økonomi- og markedsgruppa. Gruppa har slik samansetting: Leiar: Oda Halle, kasserar i hovudstyret Jenny Stensby, medlemmer: Ingunn Mikkelsen og Bjørn Gunnar Ansnes. Jenny Stensby og Oda Halle sit i eigenskap av sine rollar òg i hovudstyret i idrettslaget.

Leiar i gruppa Oda Halle er sponsor- og innkjøpsansvarleg, medan Ingunn Mikkelsen er kioskansvarleg. Ho vil vere ansvarleg for kiosken på Bordholmen når denne forhåpentleg vis opnar igjen i løpet av august. Gruppa er hovudansvarleg for å administrere og planlegge den inntektsgjevande verksemda i idrettslaget på vegne av hovudstyret i idrettslaget. Dette inneber mellom anna å ha ansvar for å arrangere basarar, fester, Todalsdagen. I tillegg er gruppa ansvarleg for sponsor- og innkjøpsavtalane idrettslaget har med sine samarbeidspartnarar.

På gruppa sitt andre møte måndag kveld vart det vedteke å gjennomføre ein del inntektsgjevande arrangement fram til nyttår. Arrangementa som er fastsett så langt er:

–          8.august kl. 20:00 – Sommarfest (Grillfest) i Todalen ungdomshus

–          25.oktober kl. 15:00 – Trimbasar med utdeling av premiar for «barn i løypa», friidrett og trimpostar.

–          21.november kl. 20:00 – Julebord i Todalen ungdomshus.

–          27.desember kl. 20:00 – Revyfest i Todalen ungdomshus.

Så her er det berre å notere datoane i kalenderen. Utfyllande informasjon for kvart arrangement vil bli kunngjort når datoen for arrangementet nærmar seg.

Det vil etter kvart som barne- og ungdomsfotballen kjem i gang, bli open kiosk på Bordholmen. Her vil det bli tradisjonelt utval, sjølv om Koronasituasjonen vil innebere nokre justeringar med tanke på vareutvalet.

Økonomi- og markedsgruppa har og ein «godbit» på lager som vil bli offentleggjort i slutten av denne månaden!

Elles er gruppa i gang med å gjennomgå alle noverande sponsor- og innkjøpsavtalar. Gruppa vil på litt sikt òg inngå nye avtalar både med eksisterande og nye samarbeidspartnarar. I løpet av ettersommaren vil det bli inngått ein innkjøpsavtale som vil gje rabatt på kjøp av sportsutstyr for våre medlemmer. Det er ikkje bestemt kven som blir samarbeidspartnar for denne avtalen enno og kor store rabattar våre medlemmer vil få, men det vil det bli utsendt informasjon om så snart avtalen er underteikna og trer i kraft.

Økonomisk resultat Todalsdagen 2020

Gruppa hadde og ein gjennomgang av det økonomiske resultatet for Todalsdagen 2020. Førebelse tal syner at årets resultat vil ende på knapt 80.000,- kroner og er eit samla resultat frå avis, grill/kiosk og loppemarknad. Resultatet utgjer om lag 40% av fjorårets resultat som vart på noko over 200.000,-kroner. Koronasituasjonen er nok i all hovudsak årsaka til den store reduksjonen i resultatet i år kontra i fjor.

Årets utgåve av «Ræta opp» ga eit resultat på 13.920,- kroner som i si heilheit gjekk til Sykehusklovnene, og vart direkte overført til dei. Dette er eit bra resultat.

Framover

Økonomi- og markedsgruppa er allereie godt i gang med planlegginga av aktiviteten sin for 2021 og det er allereie klart at det i 2021 vil dukke opp nye arrangement og aktivitetar for å skaffe inntekter til drifta av idrettslaget. Todalen Idrettslag har mange anlegg det kostar store summar å drifte kvart år. Målet er å konsolidere og vidareutvikle desse. For å greie det er idrettslaget avhengig av jamne og stabile inntekter kvart år. Så det er nok ingen fare for at Økonomi- og markedsgruppa blir arbeidslause med det første.

 

Publisert: 8. juli 2020, 16:20