Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Randosatsing med World Cup i Andorra

Jon Olav Ørsal Laurdag 25. januar 2025

Denne helga er det lokale kjendiser som er på utror til dei italienske alper for å delta i WC i randonee.  Erik Kårvatn som representerer Trollheimen fjellsportklubb er ein av tre i den norske landslagstroppa som er utteken til å representere Noreg i WC i Andorra.  I dag er individuell som står på programmet – det vil seie at det er fellesstart og så gjelder det å være førstemann opp og nedatt igjen til målgang. I dagens konkurranse var det 66 påmeldte til start i klasse menn senior. 

På veg ut fra start WC 2025 Andorra – individuell konkurranse. Foto SkimoStats

Dei norske deltakarane er Trym Dalset Lødøen og Hans-Inge Klette i tillegg til Erik Kårvatn.  Under dagens konkurranse var det ingen som klarte å hamle opp med sveitseren Remi Bonnet som var nesten 2 minutt framfor nr 2 som var franskmannen  Thibault Anselmet og  Aurelien Gay på tredjeplass. 

Etter en spennande konkurranse vart det til slutt Trym Dalset Lødøen som vart beste av dei norske med ein 29.-plass, 9:18,1 etter bestetida. Hans-Inge Klette sikra seg 31.-plassen 10:31,1 etter og Erik Kårvatn kom på 42.-plass 14:07,9 etter Remi Bonnet som altså hadde bestetid.  Totalt var det 57 deltakarar som fullførte dagens øving i individuell.  Søndag er mix sprintstafett som står på kjøreplana – her er ikkje Erik teken ut for å delta så langt vi veit i dag.  

Publisert: 25. januar 2025, 17:00