Det var stor spenning i leiren da juniorane først skulle kvalifisere seg og så gå to etappar kvar i tomannslag. Det var 22 lag som kappast om dei 12 finaleplassane, Malin og Erik klarte å kvalifisere seg, medan 2.-laget Aslaksen Røed og Hjelset Andersen rauk ut. Indergård/Kårvatn kom på 10-plass i kvalifiseringa, men enda altså opp på 9.-plass etter at dei hadde gått 2 etappar kvar i den krevjande løypa.
Malin mista litt tid og leverte stafettpinnen sist på første runde, men både Erik og Malin tok inn att det tapte og kom altså i mål på ein 9.-plass etter 4 runder. Mix-stafetten er siste øving under arrangementet – om eit par timar skal seniorane gå mix-stafett – så blir det nok godt å snu nasen heimover for å samle nye krefter til sesongavslutninga som no nærmar seg.
Vi gratulerer med ein flott innsats, og reknar med at resultatet frå årets VM i Boi Taüll i Spania har gjeve meirsmak og energi til å satse vidare.
På telefon frå Boi Taüll seier Erik at VM-veka har vore full av opplevingar, og han tykkjer det er godt å kjenne at forma er på plass, og det blir da også bekrefta når ein ser på resultata som Erik har oppnådd – topp 10 for alle øvinga må være bra! Søndagens mix-stafett var både spennande og artig – det var spenning frå start til mål, og både Malin og Erik er godt nøgd med å gå seg opp frå sisteplass ved første passering til 9-plass ved målgang. – Men no gler Erik seg til å kome heim for å lade batteria litt – håpar bessmor Dale er klar med bakelsjarnet humrer Erik, som setter seg på flyet måndag morgon – og setter kursen heimover.
Bildegalleri med foto frå Skimostats, Jens Indergår og Gudmund Kårvatn