I dag er det julaftan og 17. mai på ein gong for randonee. For første gong i historia blir ein individuell randonee-konkurranse sendt direkte på Norsk TV, og da er det sjølvsagt NRK1 som gjer det. Det blir totalt 17 kamera/droner som blir bruka i TV produksjonen. Sendinga startar kl 13.15, start damer kl 13.30 og start herrer kl 15.20. På startstreken står det norske randoneelandslaget, der Erik Kårvatn frå Todalen er fast inventar denne sesongen.