Det er for lengst gått ut innbyding til årets store randoarrangement på Kårvatn, der Todalen Idrettslag og Kårvatn Fjellutstyr samarbeider om vertskapsrolla. Da står Randonee Kårvatn Individuell på programmet laurdag og Randonee Kårvatn Sprint går på søndag, – og det er Dalalia og kjente toppar som «1040» og Tydalsnebba som er arena for norgescupen denne helga. I tillegg til Norgescup blir det og turklasse med tid og trimklasse.
Med årets arrangement kan det feirast 10-årsjubileum for randoarrangement i regi av Todalen IL og Kårvatn Fjellutstyr. Todalen IL har opparbeidd god kompetanse som arrangør og har fått mykje ros frå både frå kretsnivå og forbundsnivå og årets renn er markert på terminlista til skiforbundet.
Årets arrangement som altså går 21.- og 22. mars, kan bli ei skikkeleg skifest i Dalalia dersom vêrgudane spelar på lag. Da er det lang solgang, og det blir kjempefint for publikum å ta turen oppover lia og finne seg ein lun solrabb, samtidig som det er god oversikt for å følgje med på kva som skjer. Det er venta god deltaking på årets arrangement, og det er alt no fleire som er påmeldt på årets arrangement. Arrangøren oppfordrar også lokale entusiastar til å bli med og delta, og poengterer at det finnes både turklasse med tid og trimklasse. Meld deg på her!
Jubilerer – 10 år med Norges Cup
Arrangøren vil markere at det i år er grunn til å markere 10-årsjubileet på Kårvatn. Den gongen for 10 år sia uttrykte Gudmund Kårvatn seg på denne måten til Driva, som hadde 2-siders oppslag om arrangementet:
«- Skialpinisme er ei forholdsvis ny og ukjent sportsgrein i Norge. Men ho grip om seg, og mange trur at dette vil bli like populært i Norge som det er nedover Europa. I helga var det både NM og skandinavisk meisterskap på Kårvatn i Todalen der det var deltakarar frå Norge og Sverige.»
Det er vel et faktum at randosporten har grepet om seg – ikkje minst på grunn av at Kårvatn Fjellutstyr har vore i tet som både importør og forhandlar av utstyr til randosporten.