Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Rampenissanne» lyssette nærmiljøanlegget

Innsendt anonymt bidrag Onsdag 4. desember 2024

«Rampenissanne» anno 2024 har tydeleg fokus på bærekraft. Med glimt i tildekte auger tykte dei den nye lysmasta ved nærmiljøanlegget passa perfekt som eit verdig oppheng av lysa tilhørande den gamle todalspålen som dei tilfeldig hadde «snubla» over.

«Rampenissanne» i full gang med montering. Foto: Privat

Dessverre, eller kanskje heldig vis, så vart dei tekne på fersk gjerning av leiaren i idrettslaget som var ute og spankulerte denne kvelden. Ho var lett å narre bort og vart med både på å halde lenkjer og klappe i hendene når kontakten vart sett i. Så da gjenstår det å sjå om lysa held til over jul…

Nærmiljøanlegget på Bordholmen lyser opp! Foto: Privat

Eit absolutt fint lyspunkt i bygda i tillegg til den fine julegata ved Hals.

Finn lagar is på skøytebanen. Foto: Privat

Finn Ranes var tilfeldig vis der i eit heilt anna ærende. Han nytta dei mange minusgradene til å vatne dekket, slik at skøyte sesongen snart kan opnast. For no er nærmiljøanlegget ferdig og ungar og vaksne gler seg på åpning!

 
Publisert: 4. desember 2024, 06:47