Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

RætaOpp 2015 – med tanke for andre…

Jon Olav Ørsal Sundag 28. juni 2015

Ræta opp er mosjonsløpet der du konkurrerer mest med deg sjølv.  Det er lite alvor men likevel ein konkurranse der det gjeld å delta og kanskje flytte grenser. men du kan også prøve deg på løyperekorden, som er ei sterk tid – nemleg 11.59.  Årets raskaste var Håvard Gjeldnes som kom i mål på 12.05.6 – vel 6 sekund etter løyperekorden til Halvor Drøpping. På nest beste tid kom Erik Tharaldsen, medan  Kristine Nes var raskaste i dameklassen.

Starten til MiniRæta - foto: Jon Olav Ørsal

Med stort og smått var det 107 deltakarar stillte til start på RætaOpp. Alle betalte startkontingent, som uavkorta gikk til BURG (Barne- og ungdomsrevmatikergrupp) i Møre og Romsdal og til Start 4H i Todalen. I alt kom det inn kr 13.100 i år.  Her var det dei mange sponsorane som spanderte premiar som vart trekt ut mellom deltakarane. Nils Erik Ulset var startar både for MiniRæta og for RætaOpp, men deltok også i løpet på Ræta Opp i tillegg.

Bildeglimt fra RætaOpp finn du nedafor  –  foto: Driva/Jon Olav Ørsal og nederst eit med ElinorB/todalen.no sine.

 

 

Publisert: 28. juni 2015, 01:25