«Vêrbruket» på Todalsdagen klarte mesta å sette ein stoppar for heile årets arrangement. – Nokre få fotballkampar vart gjennomført og mosjonsløpet Ræta Opp vart da også gjennomført, men med kanppe halvparten så mange deltakarar som vanleg. Det ga sjølvsagt lite inntekt til Gatelaget, med knappe 7.000 kroner – medan det vanlegvis har vore det dobbelte. No oppfordrar arrangøren Todalen IL sine «støttespelarar» til å gje ein hundrelapp på etterskot.
Ingvild Kårvatn som var leiar for Ræta Opp får full støtte av styret i Todalen IL til å gjennomføre dette no i helga, og oppfordrar difor alle til å være med og gje eit bidra.
Vil du være med og støtte arbeidet som Gatelaget til KBK gjer, så gir du ditt støttebidrag til:
Vipps # 107833 i løpet av helga – bli med du støttar iallfall ei god sak.