I fjor var det Erik Kårvatn som hadde beste tid på Ræta Opp. I år er Erik bortreist på ferie, så det store spørsmålet blir om kven som skal vinne kampen om å kome først i mål? – Knut Bergli og Ingvild Kårvatn er meir opptekne av at flest mulig skal bli med starte i mosjonsløpet Ræta Opp.
Startkontingenten går nemleg kvart år til eit godt formål innafor omsorg- og helsearbeid for born. I år er det Aktiv for epilepsi og Norsk forening for Cystisk Fibrose som får nyte godt av startkontingenten som i sin heilhet går til disse prosjekta. Her kan du bestemme sjølv om du vil konkurrere om å sette løyperekord eller om du berre vil konkurrere med deg sjølv.
I fjor var det knappe hundre betalande deltakarar i Ræta Opp, men i år er det håp om at enda fleire blir med på dette mosjonsløpet som har start på Bordholmen og som går over Halsabrua og opp til toppen av Halsetreita og tilbake til Bordholmen for målgang.