Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ræta Opp – jubilerer med rekorddeltaking?

Jon Olav Ørsal Onsdag 29. juni 2016

Det er i år 5. gong at mosjonsløpet Ræta Opp blir arrangert i samband med Todalsdagen. Vi håper på rekorddeltaking på ”jubileumsløpet”, seier Ingvild Kårvatn som er initiativtakar for mosjonsløpet. Det unike med mosjonsløpet Ræta Opp er at inntekta av startkontingenten går uforkorta til ei veldedig sak. I år er det ”Sjukt sprek”-prosjektet i Trondheim og ”Min dag i dag”-prosjektet til NKS/Todalen sanitetsforening som får nyte godt av dette, og som deler inntekta.

RætaOpp_promo

I år deler sanitetens «Min dag i dag» og «Sjukt sprek» inntekta av startkontingenten. Frå venstre Elinor Bolme frå Saniteten, Ingvild Kårvatn og Anja Ørsal Torvik frå «Sjukt sprek. Foto privat

For ”Sjukt sprek”-prosjektet er det Anja Ørsal Torvik som er primus motor, og prosjektet støttar ungdom som har hatt kreft og som deltek i ei treningsgruppe som samlast regelmessig for trening og sosialt samvær.

Sanitetens ”Min dag i dag” er derimot eit tilbod til born mellom 3 og 18 år som har det vanskeleg av ein eller anna grunn. Det kan være både sjukdom og andre utfordringar, og som saniteten ønskjer å gje borna gode opplevingar for å gjere dagen lettare. Lokalt har Saniteten kontakt med helsestasjonen i kommunen, og der er det berre å ta kontakt, og det skjer sjølvsagt anonymt. På Todalsdagen vil begge organisasjonane ha stand på Bordholmen for å orientere om prosjekta sine.

RætaOpp_Starten_9793

Ræta Opp i 2015 – startskotet har gått. Blir det rekorddeltaking i år? Arkivfoto: Jon Olav Ørsal

Ræta Opp startar presis kl 12, og startkontingenten på kr 100 for vaksne og kr 50 for born går altså uavkorta til desse to prosjekta. For dei yngste er ”MiniRæta” eit alternativ – det er eit knøtteløp som går rundt banen på Bordholmen – med start kl 11.50.

Det fine med Ræta Opp er at du kan bestemme farten sjølv. Du kan konkurrere om løyperekorden, eller ta den tida du treng og satse på idealtida. Du støtter prosjektet like bra lell, og blir uansett med på trekninga av mange fine premiar i tillegg til raskaste løpar i dame- og herreklassen, seier Ingvild til slutt.  – Støtt opp og meld deg på, seier vi i Todalen.no!

RætaOpp_plakat

Publisert: 29. juni 2016, 12:00