Todalen IL arrangerer også i år «Ræta Opp» på Todalsdagen i Todalen, LØRDAG 28.JUNI. I år vil inntektene gå til Diabetesforbundet barn/foreldre i Sør Trøndelag og Diabetesforbundet i Surnadal, Rindal og Halsa. Så her er det berre å sette av datoen, starte oppkjøringa og delta for ei god sak.
Det er no tredje året dette blir arrangert og primus motor er også i år Ingvild Kårvatn. Arrangementet har hatt jamn deltakarstigning, og dei ivrigaste har konkurrert hardt om bestetida rundt løypa frå Bordholmen og rundt Ræta og nedatt til Bordholmen. Intensiteten er naturligvis frivillig; om du vil prøve å utfordre Halvor Drøpping som tok runden på 11,59 og sette ny løyperekord i 2013, eller berre gå avgjer du sjølv. Denne dagen er det viktigst å delta, for eit godt formål!
Løypekartet her: Reita-kart2