Birgit Skarstein var gjennom organisasjonen MOT hyra inn for å være startar under årets Ræta Opp. Det hadde ho dessverre ikkje høve til, men ho har sendt oss ein videosnutt der ho oppfordrar alle til å bli med og ho helsar samtidig til slektningar på Kvanne.
På Bordholmen går i alle fall førebuing som planlagt, og det det skal bli stor aktivitet med både fotballcup og Mini-Ræta for dei minste, og sjølvsagt håpar vi på stor deltaking på Ræta Opp. Jo fleire som deltek jo meir pengar blir det på MOT Surnadal, seier Ingvild Kårvatn som er løpsleiar for Ræta Opp. Det gjeld å ha mot til å være med, seier Birgit Skarstein som helsar til arrangøren og til deltakarane på sin videosnutt.
På Bordholmen er dugnadsarbeidet allereie i full gang med å fiffe opp anlegget, og det fortsett til alt er klart for å «trykke på knappen» laurdag morgon. Sjefsloppa Borghild Talgø minner samtidig om innlevering av lopper til loppemarknaden – det skjer i kveld og fredag kveld. Loppemarknaden gir kjærkomen inntekt til Trim-/fotballgruppa i TIL.