Kom som du er, og bli med på Ræta Opp. Laurdag 1. juli går mosjonsløpet Ræta opp av stabelen på Bordholmen. Poenget er ikkje å vinne, men å delta, seier Knut Bergli og Ingvild Kårvatn. Dei to er henholdsvis stemnegeneral og sjef for mosjonsløpet Ræta Opp. Stort er det egentleg at Todalen I.L. donerer heile startkontingenten til Treffpunkt Surnadal. Dei driv i regi av kreftforeninga og jobbar med born og unge i alderen 6-16 som er ramma av alvorleg sjukdom i heimen – eller hos pårørande.
Ræta Opp går frå bordholmen og over Halsabrua og opp til toppen av Halsetreita og attende til Bordholmen for målgang. Det unike er altså at startkontingenten går uavkorta til ei veldedig sak. Og i år er det altså Treffpunkt Surnadal som får nyte godt av dette. Derfor håper vi at flest muleg vil delta, slik at det blir mest muleg pengar til denne viktige saka, seier Ingvild Kårvatn og Tora Waag, som representerer Treffpunkt Surnadal
Treffpunkt Surnadal har arrangement kvar 3-4 veke for målgruppa som altså er born og unge i alderen 6-16 år. Og dei argumenterer godt for at også du skal bli med på Ræta Opp. Du kan sjølvsagt bruke ditt eige tempo og berre konkurrere med deg sjølv eller du kan bli med og kjempe om løyperekorden dersom du heller føler for det. Kanskje du kan stille på startstreken for arbeidsgjevaren din og kanskje du kan få med deg ein eller fleire kolleger og at bedrifta betaler startkontingenten – her er det mange muligheiter. For dei aller minste er det også eit alternativ – Mini Ræta – som rett og slett er ein runde rundt løparbanen på Bordholmen – alle monner drar!
Du har mulegheiter til å melde deg på heilt fram til startskotet går. Og startskotet er det Nils Erik Ulset som sørgjer for. Han kan du forresten høre når han og Ingrid Kvendset Hage kjem til Ungdomshuset for å halde foredrag komande torsdag. Nedafor kan du sjå plakaten!