Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ræta Opp – bli med du og!

Jon Olav Ørsal Laurdag 2. juli 2016

Påmelding til Ræta Opp og Miniræta er alt i gang. Ingvild og Kjetil er på plass i sekretariatet ved klubbhuset og tek i mot påmelding og deler ut startnummer. Starten for Ræta opp går kl 12, og sidan det er jubileumsår satsar arrangøren på rekorddeltaking.

DSC_1857

På plakaten – startkontingenten går uavkorta til prosjekta «Min dag i dag og «Sprekt sjuk» foto: Jon Olav Ørsal

Mosjonsløpet er på 3 km, med start på Bordholmen og over Halsabrua og opp til toppen av Ræta og rretur til målgang på Bordholmen. Her kan du være med og kjempe om løyperekorden – eller du kan konkurrere med deg selv og idealtida. Du kan også delta med ei gåve og dermed støtte prosjektet på den måten. Miniræta er for dei aller minste, og går 400 m rundt banen – med innlagte hinder.

Startkontingenten går uavkorta til prosjekta Mindag i dag i regi av Saniteten og prosjekt sjukt sprek i Trondheim. Startkontingenten kostar  kr 100 for vaksne og 50 for born inntil 14 år.

Publisert: 2. juli 2016, 10:31