Tidlegare i vinter vart det funne eit dødt rådyr i området ved geilhaugen på Nordvik. Dødsårsaka var ukjent, men dei som fann rådyret tykte det var unaturlege klover på dyret – både lange klover og biklover. Nils Gjeldnes tok vare på alle 4 føttene for å undersøke om kva som kunne være årsak til dette.
Det er ukjent kva som kan være årsak til dette, men når alle 4 føttene er slik så tyder det iallfall på at det er ein medfødt skavank. No lurer Nils på om det er nokon som har kjennskap/kunnskap om kva som kan være ¨årsak til dette? Ta gjerne kontakt med Nils om dette dersom du veit meir om dette?