Rådmann Geir Vikan foreslår no å flytte alle elevane ved Todalen og Stangvik oppvekstsenter til Todalen skuleåret 2012/13. Dette fordi Stangvik skule skal renoverast for omlag 15 millionar, og kommunen har begynnt arbeidet med å finne den beste løysinga for gjennomføringa av det neste skuleåret.
Kommunalsjef Astrid Mogstad Høivik orienterer i eit infoskriv til foreldre, tilsette, elevråd, FAU,og SSU på begge dei involverte skulane at det er fleire fordeler med dette:
- Begge skulane er samla, både tilsette og 81 elevar
- Større fagleg miljø og læringsmiljø
- Får auke i delinga i elevgrupper frå 2- og 4-delt til 5-delt skule
- Betre utnytting av tilsetteressursane
- Drive skule i areal tilpassa denne bruken
Evenshaugen barnehage vil bli att på Stangvik skule, men skal bli skjerma frå byggeaktivitetane. SFO er tiltenkt å få eige mottak på Stangvik før dei blir kjøyrt innover til Todalen med eigen minibuss med personale i dei dagane det er behov, morgon og ettermiddag. Ellers er det naturleg nok tiltenkt å settje opp eigen buss for den ordinære skuleskyssen.
I infoskrivet er det også presisert at om det blir behov for meir areal og toalett, så vil det bli aktuelt å setje opp ein paviljong i tilknytning til eksisterande bygg. Miljøretta helsevern vil bli innkopla, for å ivareta elevar og tilsette sine arbeidsforhold.
Den endelege avgjerda for rådmannens forslag skal avgjerast i møte for Hovudutval og oppvekst 14. mars 2012. Så dei ulike rådsorgana som har fått dette skrivet frå Surnadal kommune har uttalelsessrett innan 29. februar.