Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Pynta banken til 17. mai

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 15. mai 2025

Da Surnadal Sparebank, no SpareBank 1 Nordmøre, bygde nytt hovudkontor og flytta inn der i 2010, vart alle barnehagane i Surnadal kommune inviterte til banken for å pynte dei store vindauga til 17. mai-feiringa. Dette vart starten på ein årleg tradisjon, der alle barnehagane siste veka før 17. mai blir invitert til banken for å pynte til 17. mai. 

Da var banken ferdig pynta til nasjonaldagen. Foto: Liv Dalsegg

Sjølv om alle barnehagane og alle ungane som går i barnehagen er inviterte, så har det trandisjonelt førskuleungane, dei som skal starte på skulen til hausten som har vore med og pynta. 

Todalen og Stangvik barnehage var med og pynta tysdag. Foto: B G Ansnes

– Dette er ein koseleg tradisjon som både ungane og ikkje minst vi sett pris på, seier Liv Dalsegg i SpareBank 1 Nordmøre. 

Fint pynta til nasjonaldagen! Foto: Liv Dalsegg

Banken spanderer is på alle ungane, noko som dei sett stor pris på, kan Dalsegg fortelje. 

Da Surnadal Sparebank vart ein del av Sparebank 1 Nordmøre, adopterte banken sine avdelingar i Kristiansund, Molde og Ålesund tradisjonen, slik at også barnehageungane i dei tre byane no blir invitert til banken sin for å pynte til nasjonaldagen. 

Mo barnehage var også med og pynta tysdag. Foto: B G Ansnes

Etter 17. mai blir pynten teken ned att, og ungane får sjølv det dei har laga med seg heim. Ein fin og kriativ tradisjon!

Publisert: 15. mai 2025, 12:41