I dag fylte Rune Mogstad tankane ved HalsOils drivstoffanlegg ved Matkroken Todalen med verdas beste drivstoff. – No skal todalingane og tilreisande kunne køyre omsalaust i påskehelga kunne han garantere. Rune var forresten imponert over kor mykje drivstoff som blir selt ved anlegget i Todalen, og han rosa todalingane for å være kjøpe tru.
Rune Mogstad driv stort i sal og transport av drivstoff – han har heile 9 vogntog som leverer drivstoff til stasjonar frå Rørvik og Brønnøysund i nord til Ålesund og Stryn i sør. Bilane hentar drivstoff i Trondheim og Ålesund og køyrer ut til stasjonane i området. Vinters dag køyrer dei og til Slagentangen og Fredrikstad for å hente bioprodukt (eks. biodisel).

HalsOil-pumpa er open for kortsal 24/7 – her kan du kjøpe drivstoff heile døgnet – heile påska. Foto Jon Olav Ørsal
Firmaet heiter Midt-Norsk Olje AS, og har base i Surnadal, men i tillegg til å distribuere drivstoff driver firmaet 17 automatstasjoner i det same området, og til saman har Midtnors Olje AS ei omsetning på rundt 400 mill. kroner. Heilt frå starten i 1992 og fram til hausten 2021 har han ått selskapet 100 %, medan han no har selt 51% til samarbeidspartnaren Certas As, som også eig Essostasjonane i Norge. Dette har vært med på å auke oppdragsmengda for Midtnorsk Olje AS, fortel Mogstad.
Midtnorsk Olje er medlem i Todalen.no