Fredag, laurdag og søndag blir Kaffekroken på butikken stengt på grunn av arbeid med å pusse opp lokalene. Da blir møblar og anna interiør rydda ut, for at Ted & Co skal få kome til og jobbe effektivt med målararbeidet.
Det er handelsmann Nordvik som melder dette til Todalen.no – arbeidet med å pusse opp Kaffekroken tek 3 dagar, og som ei midlertidig løysing vil han sette opp eit par bord i gangen inn mot Kaffekroken, slik at det går an å ta seg ein kaffekopp og ein liten pause i handlerunden.
Måndag skal alt være på plass igjen, og det blir «normal drift» i nye og lyse lokaler, fortel handelsmannen.