Travle tider og stor aktivitet på Gammelfabrikken i Brusetmarka. Lokalane som den siste mannsalderen har vore bruka til møbelutstillingar for dei forskjellige Talgø-fabrikkane er no under ombygging og oppussing, og vil bli tilpassa dagens behov og når det gjeld møte- og salsarbeid for Talgøkonsernet. Den nyaste avdelinga vil bli utstilling for Talgø Møretre samt at det vil bli rigga til ein lounge eller salog med sofa- og salongmøbler ved den store peisen og vil bli Talgøkonsernets storstue.
Utstillingslokalet som mot øst (nærast storfossen) er under full ombygging, og skal no bli troppestudio – med utstillingar for Talgø Melby tropper frå Melbys Snekkerverksted som i dag er ein del av Talgø-konsernet. Her er det bygd eit moderne lokale som vil bli ansikt utad for troppefabrikken når det er kundebesøk i Todalen, fortel Anita Talgø som er prosjektleiar for opprustinga av Gammelfabrikken. Da vi stakk innom var det fullt opp med handverkarar – det pågikk rydding, snekkering, målararbeid og elektrikerarbeid.
I andre høgda er det planer om å presentere Talgø-historia – ei historie som går attende til 1899 og som skal vise litt av det som har skjedd i det snart 125 år gamle industrieventyret vi har opplevd i Todalen. Her er det og sett av plass for å vise historiske verktøy- og handverksamlingar frå bygda – gåver som er donert både frå Sigvart Husby og Henrik Halle/Olav Stengels etterkomarar.
Første del av arbeidet, som omfattar 1 etasje vil bli ferdig i løpet av våren eller sommaren, og da bebudar Anita at bygdefolket skal inviterast på omvisning og kaffelag slik at dei får sjå. Når det gjeld den historiske avdelinga i 2.-etasjen så trur Anita at dei treng ein litt lengre horisont før den er klar til omvisning og presentasjon. Men også denne delen tar form etter kvart.