Todalen Sanitetsforening er i gang med oppussing av 2 av dei 4 leilighetene i Sanitetshuset. Dei to leilighetene som no får ei oppgradering har ikkje vore oppussa sia huset vart bygd i 1981, så no trongs det ei eit lite løft. Vi trefte Ragnhild A. Moe og Elinor Bolme som var der på dugnad i samband med oppussingsprosjektet.

Nytt kjøkken er montert og heile leiligheta har fått eit «facelift» – den eine er ferdig, og no er dei i gang med den andre, fortel Jo Kåre Torvik. Foto. Jon Olav Ørsal
Det er tømrarane Jo Kåre Torvik og Øivin Gagnås som har jobben med oppussinga, og dei legg no nytt golv, ny panel, målar veggar og tak og skiftar kjøkeninnreiinga. Dette arbeidet vart starta i desember, da den første av leilighetene var ledige. Den andre leiligheta vart ledig no frå nyttår og dei rekna med at arbeidet blir ferdig i løpet av eit par veker, og nye leietakarar kan flytte inn.

…og Elinor og Ivar sørga for å transportere bort den gamle kjøkeninnreiinga og rydde på uteområdet. Foto: Jon Olav Ørsal