Laurdag opnar porten i Svinviks arboret for ein ny sommarsesong. Det er nok på tide, for dersom det kjem litt meir varme no, så blir det nok full rulle med rododendronblomstring i arboretet. Den kalde vêrtypen vi har hatt dei siste dagane har gjort at blomstringa nærast har stoppa opp – sist natt hadde vi kuldegrader i arboretet, fortalte Maja Frønes. Onsdag kveld var det dugnad i samarbeid med Surnadal Hagelag og med god deltaking var det fort gjort å rydde og rake rundt omkring i arboretet.
Dugnadsgjengen raka og pussa heile området som er i bruk i arboretet – raka lauv og pussa både rundt blomsterbeda og etter vegar og stiga rundt i skogen. Dette arbeidet er til uvurderlig hjelp for oss som jobbar i arboretet, fortalte vaktmester Ola Bruset.
I arboretet er det mykje på gang i sommar. Alt komande laurdag er det rododendronkurs. Da kjem Ole Jonny Larsen, som mellom anna har gitt ut fleire bøker om temaet. – Han vil gi eit «grunnkurs» i rododendron, og kallar foredraget «Rododendron for dummies». Det skjer i kafeen, og foredraget startar kl. 14.00 og varer ca. 1 time. Inga påmelding trengs, berre møt opp i kafeen.