I år er det 100 år sidan vår folkekjære visekunstnar og lyrikar Alf Prøysen frå Ringsaker, vart fødd. Det markeres med ein konsert i Skulstuå torsdag 20.november kl 19.00. Då kjem fulltids songar, trekkspelar, skodespelar, entertainer og todalsvenen; Odd Arne Halaas igjen til Skulstuå for å underhalda med song og musikk, melder «Venner av Skulstuå» som er arrangør.
Odd Arne Halaas kjem frå Eide på Nordmøre og er heiltids musiker og underhaldar i både inn- og utland. Dette har han ghalde på med i over 20 år og har opptredd fleire gonger i Todalen. Denne gongen er temaet Alf Prøysen, og det gler vi oss til! Om ein ynskjer å reservera plass, ta kontakt på mobil/SMS til 48 000 144. Her kan du laste ned plakaten.