Indre Nordmøre forsvarsforening arrangerer prøve til skiskyttarmerket etter militært program på Toreseter. Det skjer førstkomande laurdag 19. januar 2019 kl. 13.00. Det er påmelding ved start. Programmet er 10 km langrenn med 10 skott liggjande på 100 meter avstand.
Forutan aldersgrenser blir prøven gjennomført i to klassar. Dei som nyttar seg av militær uniform og militære ski, og dei som nyttar seg av sivile klede og ski. Våpen er AG-3 eller Kongsbergmauser.