Kulturavdelinga informerer om at Surnadal kommune gir prosjektstøtte til kulturtiltak. Dette er altså ikkje støtte til det ein reknar som vanleg driftskostnadar, som idrettslaga og andre lag får støtte til gjennom «kulturmidlane», men til enkeltprosjekt som er avgrensa i tid. Dei minner også om fristen for å foreslå kandidatar til fylkeskulturprisen.
Det er ei slik tildeling to gonger i året og søknadsfristen for andre, og siste tildeling for 2023 er 22. september.
Møre og Romsdal fylke tek imot forslag på kandidatar til fylkeskulturprisen fram til 15. oktober. Kjenner du nokon som har lagt ned ein spesiell innsats for kulturlivet, da vil dei gjerne høyre frå deg!
«Prisen skal vere til inspirasjon for aktørar om står sentralt i arbeidet med å halde vedlike og vidareutvikle det kulturelle mangfaldet i fylket. Fylkeskulturprisen kan gå til ein person, gruppe av personar eller lag».
Meir om fylkeskulturprisen og å foreslå kandidat
Medlem i Todalen.no –