Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Prosjekt 17-koret bur seg på julekonsert

Jon Olav Ørsal Fredag 8. desember 2017

 Desember er tid for julekonsertar  – både i kyrkjehus og andre plassar.  For prosjekt 17-koret er det ikkje noko unntak, for dei ligg no i hardtrening fram til julekonsertane i Todalen kyrkje og i Åsskard kyrkje no søndag 17. desember. Det er enno halvanna veke att, og no er det hardkjør med øvingar.

Prosjekt 17-koret er same folket som tidlegare har operert som separate kor – Todalskoret, Åsskard kyrkjekor og Bøfjord mannskor. Alle dei tre kora hadde felles dirigent, som var Bernt Bøe. Han var også organist i Stangvik prestegjeld, og ein del av han jobb var dirigentjobben i dei 3 kora som også samarbeidde mykje og song i lag.  Da Bernt vart pensjonist, vart det heile omorganisert og Prosjekt 17-koret vart registrert i Brønnøysundregistret med nettopp Bernt Bøe som leiar. Og sia har ballen rulla vidare og dei øver no tidvis i Åsskard Kyrkje, Todalen kyrkje eller i Kyrkjelydshuset på Skei som ligg midt i mellom. 

Borghild B. Talgø er styremedlem i prosjekt 17-koret, og ho fortel at Prosjekt 17-koret har øving kvar onsdagskveld. No er det sjølvsagt hektisk med førebuing til julekonserten, men vi har det triveleg i lag og ho håpar at fleire kan bli med i koret etter kvart. Ho fortel vidare at Kristian Settem  no har vorte med i koret, og han har funne sin plass i tenorrekkja, saman med Einar Husby og Øystein Moe. – men det er altså plass til fleire, så har du lyst har du lov.

Som dirigent brenn også Bernt for allsong-ideen i samband med jula.  – Det er viktig at folk flest får synge «kjente og kjære» julesongar. På julekonsertane legg vi opp til at forsamlinga skal få være med – endatil saman med kor og orkester.  Vi kjem imidlertid att med meir omtale av julekonsertane som altså går av stabelen 17. desember.

 

Publisert: 8. desember 2017, 11:19