Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Promoterte det lokale brannvernet

Jon Olav Ørsal Laurdag 22. september 2018

I dag var det open brannstasjon i Todalen for å markere brannvernveka som også blir markert på stasjonen på Kvanne og ved hovudstasjonen i Røtet. Hovedbudskapet var sjølvsagt å forebyggje brann, og lære folk meir om korleis dei kan bidra til dette sjølve og korleis det lokale brannvernet i Todalen kan bidra.

Viktig er det nok å vise fra at dei er tilstede og samtidig få vise fram og demonstrere litt av utstyret. Hjartestartaren er kanskje det viktigaste utstyret dei har, og her er det nok spesielt viktig at det utrykninga kan skje fort. Kort avstand og hurtig utrykning er nok den store styrken til det lokale brannvernet, og det er nok lett å forstå når det går nærare 45 minutt før hjelpa frå Surnadal kan være på plass i Todalen.

Hjartestartar og tilhøyrande utstyr klart for utrykning. -viktig utstyr å ha lokalt, for her tel kvart sekund! Foto: Jon Olav Ørsal

Regnvêret la nok ein dempar på uteaktivitetane, men inne på stasjonen var det fokus på brannvernspørsmål i rebusen som det var høve til å delta på. Ivar Bolme som har vore utrykningsleiar i Todalen hadde forøvrig sin siste «arbeidsdag» i det lokale brannvernet i dag, og no er det Marie Martinussen  som tek over som den 6. brannkonstabelen, og som blir ny utrykningsleiar for brannlaget i Todalen.

 

Publisert: 22. september 2018, 14:00