Fredag var første dag for det tradisjonelle messearrangementet i Batnfjord. Trygve Slagsvold Vedum hadde æra av å opne arrangementet som er venta å samle over 20.000 besøkande i løpet av dei 3 dagane det står på. I år er det faktisk fleire utstillarar enn i fjor, det er nok ei stadfesting av at det er mykje publikum og at dei som er der handlar. Talgø MøreTre har stand saman med Byggmakker Bytås og promoterer både MøreRoyal, landbruksbygg, hus og hytter.
På opningsdagen gjorde Trygve Slagsvold Vedum ein lengre stopp på standen til Talgø MøreTre for å studere produkta og skaffe seg meir informasjon om bl.a. MøreRoyal. Det er nok laurdag som blir den store publikumsdagen her, seier Svein Løvik som er leiar for byggdivisjonen i Talgø. – Vi er plasser midt i mellom to store traktorutstillingar, så her er vi garantert å få mykje besøk. Da blir bemanninga styrka på standen til Talgø MøreTre, og det blir også folk frå Byggmakker Bytås på plass.
Løvik fortel at det er viktig å være representert på slike messer for å vise seg fram og for å knytte kontaktar med kundar som er interessert i dei produkta som Talgø MøreTre produserer og marknadsfører. Utstillinga på Dyregoddagane er laurdag opa frå 10-18 og søndag frå 10-17.