No er programmet klart for feiring av nasjonaldagen i Todalen. Feiringa er basert på tradisjonelle element, og startar kl 10.00 med biltog, og fortsett med frukostservering på Bordholmen rett etterpå ca kl 11. Etter ein kort pause er det på’n igjen, med gudsteneste i Todalen kyrkje kl 14.30, og folketog frå kyrkja og til skulen, der det blir servering av sodd, litt program og tale for dagen.
Det er i år Elinor Bolme som skal halde tale for dagen. Ellinor er fylkeslaiar i NKS – Norske Kvinners Sanitetsforening i Møre og Romsdal. nedafor har vi lagt ut plakaten for årets 17. maifeiring i Todalen.