Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Programmet for Vårsøghelg-jubileet er klart

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 12. februar 2025

I år har Vårsøghelga 30-årsjubileum, og det skal feirast med eit rikhaldig program med høg kvalitet og med mange kjente norske artistnamn som Ingeborg Bratland, Ingrid Bjørnov, Herborg Kråkevik, Kari Svendsen og mange fleire. Programmet vart presentert på ein pressekonferanse på Surnadal kulturhus med styreleiar Ole Magne Ansnes og dagleg leiar Anders Larsen.

Ole Magne framheva i starten av pressetreffet kor viktig frivilligheita er for gjennomføringa av Vårsøghelga. Han kunne også fortelje at ein stabil styresituasjon også er positivt. Dei to, saman med fleire frå styret, har jobba lenge med program jubileumshelga, og meiner dei har fått på plass eit godt program med høgt nivå som gjev eit fint bilete på kva Vårsøghelga er

Årets Vårsøghelg startar med opning av kunstutstilling med årets Vårsøg-kunstnar Lars Korff Lofthus i Finstuå på Surnadal kulturhus torsdag 22. mai. Kunstutstillinga er i regi av Surnadal kunstforening.

Ingrid Bjørnov. Foto: Agnete Brun

Seinare same kveld er det opningskonsert med Ingrid Bjørnov og flybel i Storstuå på kulturhuset. I kjent stil vil ho på opningskonserten svinge seg saumlaust frå Bach til Brekkbønner.  

Fredag 23. mai startar med minimusikalen «Mio, Pio og vennskapsknuten» av og med Trio Krøll og Bøll for dei eldste ungane i barnehagane i kommunen i Svokasalen på kulturhuset.

Elevane på 9. trinn blir også i år invitert til skulekonsert i Storstuå, der den tradisjonelle Henningtimen blir arrangert. Under Henningtimen blir Henningstimpendet for 2025 delt ut.

Sparebank 1 Nordmøre og Surnadal næringsforening inviterer også i år til «Saman for Surnadal», der temaet i år er «Med hjarte for bygda» Ole Magne Ansnes er konferansier og Jenny Klinge og Svein Håvard Saksen er to av gjestane.

Fredag kveld blir det konsert og pubkveld på Surnadal Billag, med visegruppa Famntak og «Banjo-Kari» Svendsen.

Laurdag 24. mai startar med familietorg. Kulturskulen skal ha ei framsyning i Storstuå, og det blir boksøg leia av Svein Sæter i Kammerset på kulturhuset, Forfattaren her vil bli presentert seinare.

På ettermiddagen blir det standup-konsert i Finstuå med Atle Sponberg på fiolin og Knut Erik Sundquist på kontrabass. Dei tek for seg musikk frå oldtida og fram til dagens musikk.

Famntak. Foto: Janne Svit

På kvelden er det Kleivakveld med mellom andre Ingebjørg Bratland. Under Kleivakvelden får vi også høyre legenda Kari Svendsen, også kjent som «Banjo-Kari», og sjølvsagt kjem Henning Sommerro, John Pål Inderberg og Surnadal hornmusikk. Under Kleivakvelden blir ogs Surnadal kommune sin «Kleivapris» delt ut, og vi får ungane si diktmønstring.  

Dersom det blir svært dårleg vær, blir konserten flytta inn i Kulturhuset. Informasjon om det kjem i så fall same veke.

Søndag 25. mai blir det konsert og kaffelag hos Slettneset steinovnsbakeri på Nordvik. Her blir det folkemusikkonsert med Ronny Kjøsen på trekkspel, Bryan Gear på fele, Marit Løfaldli syng og Karstein Mauset og spelar gitar.

På ettermiddagen er det konsert i Stangvik kyrkje, og som etter kvart har vore for ein institusjon å rekna i Vårsøghelga si 30-årige historie. Her har vi fått høyre nasjonale og internasjonale musikarar på absolutt høgste nivå. I år er ikkje noko unntak, når Trio Mediæval, Arve Henriksen, SKRUK, Per Oddvar «Prots» Hildre, Henning Sommerro og John Pål Inderberg inntek scena i kyrkja under 30-årsjubileumskonserten.

Bilde: Herborg Kråkevik. Foto: Mona Nordøy

Vårsøghelga 2025 blir avslutta med avslutningskonsert i Storstuå på kulturhuset med Herborg Kråkevik og TrondheimSolistene. Her får vi høyre songar frå den oppfølgaren til Kråkeviks songbok, og som blir lansert i mai i år. Surnadal og Vårsøghelga er ein av særs få stadar som får besøk av Kråkevik og TrondheimSolistene i samband med lanseringa.

Både Ole Magne og Anders meiner det er realistisk å kunne klare selje minst 2500 billetter til årets Vårsøghelg, og på bakgrunn av programmet, så skulle det vere fullt oppnåeleg.

Kjøper billetter til årets Vårsøghelg gjer ein på surnadal-kulturhus.no eller i resepsjonen på kulturhuset. Heile programmet med datoar og tidspunkt finn ein på varsoghelga.no.  

Publisert: 12. februar 2025, 19:00