Todalen bøgdalag og Todalen Idrettslag har i år ansvaret for 17. maifeiringa i Todalen. Programmet for Nasjonaldagsfeiringa i Todalen er no klart. Det meste er kjent og kjært, men i år blir det ikkje tog etter kyrkja og ikkje ettermiddagsarrangement. Det heile startar med biltog frå Matkroken Todalen klokka 10:00. Etter biltoget blir det frokost i Todalen ungdomshus klokka 11:00.
Klokka 12:00 er det tale for dagen, og klokka 12:30 blir det servert kaffe og kaker.
Klokka 14:00 er det Nasjonaldagsgudsteneste i Todalen kyrkje. Etter gudstenesta blir det kyrkjekaffe.
Program 17. mai i Todalen 2024