Laurdag 26.juni er det duka for den 29. Todalsdagen. Det er med stor glede Todalen Idrettslag i år igjen kan inviterer til Todalsdag med fotballcup, «Litj Ræta» og «Ræta Opp»! I fjor var det ikkje mogleg å arrangere fotballcup under Todalsdagen på grunn av smittevernrestriksjonar, men i år er fotballcupen altså tilbake. Responsen for påmelding har vore god, sjølv om fristen for påmelding var kort.
Deltakaravgifta frå «Litj Ræta» og «Ræta Opp!» går i år til blodbanken i Kristiansund. For meir informasjon om løpa finn du her: «Ræta Opp!»
Meir og oppdatert informasjon finn du her: «Todalsdagen 2021 på Facebook»
Kampoppsettet for fotballcupen er sendt til dei påmeldte laga.