Det detaljerte programmet for feiringa av nasjonaldagen er for lengst klart, og plakatar er komne på veggen rundt omkring i bygda. Programmet er stor sett likt tidlagare år, bortsett frå små justeringar av tidspunkt for aktivitetane. Dagen startar som vanleg med biltog rundt bygda, med start kl 10 frå Matkroken. Etterpå er det frukost på programmet kl 11, og det skjer på Bordholmen i regi av Todalen Idrettslag.
Vidare er det gudsteneste i Todalen kyrkje kl 14, og etterpå kransnedlegging – og vidare folketog med korpsmusikk til Todalen ungdomshus kl 15. I ungdomshuset er det vidare program med servering av sodd, allsong, leikar – og tale for dagen med Nils Ove Bruset.
Her har vi lagt ut plakaten for heile 17.-maiarrangementet – klikk på linken for å laste ned plakaten