17. mai nærmar seg, og i år har alle 17. maikomiteane i Todalen og Stangvik skulekrins laga eit felles program for feiringa av nasjonaldagen. Så her kan ein velge og vrake mellom forskjellege arrangement rundt om i bygdene i skulekrinsen.
Feiringa i skulekrinsen tek til med skrommeltog frå Svissholmen i Stangvik og blir avslutta med 17. maiarrangement i Nordvik forsamlingshus klokka 16:00. Mellom desse arrangementa er det gudstenester i Stangvik kyrkje klokka 10:00 og i Todalen kyrkje klokka 14:00.
Det tradisjonelle biltoget i Todalen startar frå Matkroken Todalen/Talgø klokka 10:00 og ender opp på Bordholmen stadion til tradisjonell 17. maifrokost.
Elles er det arrangement på Kvanne, på Stangvik skule Evenshaugen, og sjølvsagt i Todalen.
Fullstendig program for nasjonaldagsfeiringa kan du sjå nedanfor: