Som ein direkte konsekvens av koronasituasjonen, blir årets 17.maifeiringa i Todalen slik som i fjor. Det vil seie biltog frå Matkroken Todalen klokka 11:00 – oppover til Gammelfabrikken – og nedatt på sørsida til Matkroken. Feiringa blir avslutta med 17.maigudsteneste i Todalen kyrkje klokka 14:00.
17.maikomiteen håper at biltoget blir ein like stor suksess i år som i fjor, da rekordmange deltok i den snart 70 år gamle tradisjonen med biltog, eller «skrommeltog» som det heitte frå starten av, i Todalen.
Fullstendig program for dagen kjem i god tid før den 17.mai.