I ei pressemelding frå Svorka no i ettermiddag, kan vi lese at Svorka har hatt ein strålende start på det nye året, og kan melde om positive prisnyheiter for solcellepanel. Ei av årsaken til at prisene på solceller har gått ned, er at det amerikanske finansdepartementet nylig kom med ei rettleiing som opnar opp for at det kun blir USA-baserte solcelleutviklarar som skal få skattefrådrag som blir tilbydd gjennom Inflation Reduction Act (IRA) – så lenge dei lagar solcellene sine i Statene. Dette har stoppa alle leveransar av solcellepanel frå Kina til USA, og fører til eit overskott på solcellepanel i Europa.
-Det gir oss bedre innkjøpsvilkår og muligheten å tilby kundene betydelig prisreduksjon på våre komplette løsninger, fortel prosjektleiar for solenergi i Svorka, Sara Akerfeldt.
Sjølv med låge straumprisar og ein relativt «stille» marnad i 2023, er etterspørselen no aukande, og Svorka kan tilby reduserte prisar, så «langt lageret rekk». -En gavepakke for både private og bedrifter som vurderer å investere i solenergi, legg ho til.
Stor interesse
Interessen for å produsere eigen straum er stor. Når ein i tillegg kan spare tusenvis av kroner på straumrekningen, og gardere seg mot auka strømpriser, er det ikkje overraskende at mange ønsker å investere i solcelleanlegg. Svorka starta satsingen på solceller i 2022 og har hittil prosjektert og installert godt over 30 anlegg. Av desse utgjør rundt halvparten private kundar og den andre halvparten landbruks- og bedriftskunder. I tillegg er interessen aukande frå heile næringslivet, som ønsker bærekraftige og lønnsame investeringar som fungerer på både kort og lang sikt.
Med forventet kraftunderskott allereie i 2026, haster det med å komme i gang med energieffektiviserande tiltak og ny energi, som solenergi. Det har kome krav til at nye kommunale og statlege bygg skal ha solceller og det er forventa at det kan kome lignende krav også til næringsbygg.
Kva kostar eit solcelleanlegg?
For å få nøyaktig pris på kva eit komplett «nøkkelferdig» anlegg vil koste, er det smart å booke ei befaring. Befaringa av din eigedom blir alltid utført av sertifiserte fagfolk. Her vurderer ein alt frå takstørrelse, eventuelle hindringar, solforhold og eksisterande elektriske anlegg, til arbeidsplanlegging av heile prosjektet.
Dersom du ønsker eit raskt prisestimat for eit komplett solcelleanlegg for din private bolig eller hytte, kan du i tillegg sjå både forventet årsproduksjon og Enovastøtte i Svorka sin nye solcellekalkulator
– På markedet tilbys en mengde varianter av solcelleanlegg, med varierende effekt og kvalitet. I likhet med alt annet gjelder også i dette tilfellet at «du får det du betaler for», seier Sara.
– Derfor er det som nevnt ekstra gledelig at prisen nå er kraftig redusert på våre kvalitetsanlegg, avsluttar Sara.