Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Prishopp på straumen i dag

Jon Olav Ørsal Måndag 4. desember 2023

I dag gjer prisen på straum eit hopp til værs – spotprisen når ein topp mellom 16:00 og 17:00 på kr 3,83 pr kWh, medan gjennomsnittsprisen i dag er kr 2,21.  Som sagt er det spotprisen frå Nord Pool, som inneheld merverdiavgift, medan fastbeløp, påslag og nettleie kjem i tillegg – og eventuell straumstøtte går i frådrag.

Norge er delt i 5 prissoner – her i Midt-Noreg høyrer vi til sone 3, og det er disse prisane vi referer til.  Disse har vi henta frå Svorka-appen. Årsak til dagens pristopp skal være straummangel på Baltikum, som altså presser prisane oppover. I tillegg påverkar sjølvsagt kulda prisane, og det påverkar prognosane som er forholdsvis høg den komande veka.  

Publisert: 4. desember 2023, 09:54