Endeleg er det tid for å prise våren – dei handlande i Røtet/Syltøran arrangerer tradisjonell vårfest no fram mot helga. Eiksentret har ein lang tradisjon som er godt innarbeidd, og dette har naboane også hiva seg på. Og naboane er i denne samanhengen Hageland Surnadal, Byggmakker Surnadal, Rørservice, Trollheimen Treningssenter og Sveen Auto.
Under vårdagane fristar sjølvsagt dei handlande med massevis av gode tilbud, og dei har litt av kvart å by på elles også. Hos Eiksentret har dei tradisjonell rømmegrautservering i storteltet, og dei har hatt mykje folk innom på rømmegraut og spekemat i dag – og fortsett i morgon. Sveen Auto har fyrt opp grillen, og byr på burgarar både med kjøtt og fisk. Mellom anna var bydde dei på den nye fiskebureren frå Norsk Kvalitetsmat. Den var saftig og smakfull – med både ost, chili og bacon. Den kan vi trygt anbefale!
På Byggmakker var det kø forå kjøpe material når dei opna i dag tidleg kl 07.00, og det har vore mykje folk utover dagen. PÅ Hageland like ens – der er det alleer meste av planter, trær og busker på plass og dermed travle tider for Hubertine og resten av gjengen som hadde det travelt med å hjelpe kundane med gode råd og vink. I morgon blir det enda fleire leverandører å treffe på torgplassen framfor Hageland. Da kjem mellom anna Sjøulken med fiskmat, Bians honning og Sjøulken med sjømat og kvalkjøtt. Det blir liv og røre med andre ord.
Her finner du linken til tilbudsavisa for «Vårdager i Røtet»
Bildegalleri frå markeringa av «Vårdagar i Røtet» – alle foto Jon Olav Ørsal