Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Prisar våren på Syltøran

Jon Olav Ørsal Fredag 25. april 2025

Alt på nittitalet starta Eiksenteret med «Vårtreff», der dei inviterte sine kundar til butikken i Industrivegen for å vise fram aktuelt utstyr – før våronna starta for fullt. I år er treffet litt prega av det store byggeprosjektet som Eiksenteret er i full gang med.

Iver Magne og Ove på Eiksenteret har meir enn traktorar å by på – mellom anna er rømmegrauten på plass i tiltet komande laurdag. Foto Jon Olav Ørsal

Men det blir likevel eit bra vårtreff i tradisjonell stil – ikkje minst er den tradisjonelle rømmegrauten med og blir servert i teltet, seier butikkleiar Iver Magne Nes hos Eiksenteret.  Naboane Hageland og Byggmakker er også med, så det blir stor aktivitet på Syltøran no i helga.

Spør en gartner – Hubertine på Hageland har mykje flotte planter og busker å by på. Foto Jon Olav Ørsal

Alle butikkane vil nok bære preg av vår, og er rusta for utstyr til våronn både i private hagar og i jordbruket – i år kom våren ekstra tidleg, så våronna er nok alt i gang menge plassar.

På Hageland er både hageutstyr og det meste av planter og blomster komne på plass, og vårhandelen er komen godt i gang.  Mellom anna har det vore stor pågang på blomsterjord, seier Hubertine som er gartnar på Hageland. Både ho og dei andre på Hageland har «grøne fingrar» og har mykje kunnskap om hagebruk.

Hageland og Byggmakker har laga eiga digital avis med mange tilbud – klikk her og bla i vårsalgavisa!

Marit på Byggmakker er klar til å fyre opp grillen. Foto Jon Olav Ørsal

På Byggmakker er dei også budde på våren, med stor byggeaktivitet – mange er tidleg i gang med terrasser og hagestuer, og sjølvsagt er det mykje grilling på gang utover våren og sommaren.

 

Publisert: 25. april 2025, 07:34