Det blir vist mykje kvalitetsfilm på Surnadal kino dei neste par vekene. Her er det berre å «meske» seg med godbitar på kinoen! Det blir vist filmar både på dagtid og ettermiddag/kveld dei komande vekene. Her kan vi også sjå filmen BUNADSGERILJAEN, filmen om kvinnene som kjempa(r) for fødetilbodet, mellom anna i Kristiansund.
SULIS 1907
SULIS 1907 er ein film om dei nærast slaveliknande tilstandane i kopargruvene nordpå, går tysdag 17. og torsdag 19. oktober klokka 13:00, samt onsdag 18. oktober klokka 20:00.
PAW PATROL
«Superfilmen» PAW PATROL går i kveld, tysdag 17. og torsdag 19. oktober klokka 18:00.
TROLLS TROMMER SAMMEN
TROLLS TROMMER SAMMEN har fått dei to neste onsdagskveldane, og blir vist onsdag 18. og 25. oktober klokka 18:00.
KILLERS OF THE FLOWER MOON
KILLERS OF THE MOON blir vist fredag 20. oktober klokka 19:00 og søndag 22. oktober klokka 18:00. Den snart 81 år gamle regissørlegenda Martin Scorsese kvilar absolutt ikkje på laurbæra han har fått for å lage filmar som «Taxi Driver», «Raging Bull» og «Goodfellas». Og denne gongen har han med seg begge sine «faste» hovudrolleinnehavarar; Robert de Niro og Leonardo DiCaprio. KILLERS OF THE FLOWER MOON er ein skikkeleg heilaftan på kino som tek for seg mystiske uoppklara mord på mange frå Osage-stammen på 1920-talet. Basert på sann historie og kritikkane: overveldande gode!
BUNADSGERILJAEN
Dokumentaren om BUNADSGERILJAEN blir vist tysdag 24. oktober klokka 13:00 og 19:30, og onsdag 25. oktober klokka klokka 20:00. BUNADSGERILJAEN kjempa(r) for fødetilbodet i Kristiansund og fleire andre stader i landet, og filmen vil nok ha mange visuelt fine scener frå nordmørskysten, i tillegg til å vise det brennande engasjementet til dei involverte.
Seniorfilmklubben
Seniorfilmklubben, som er open for alle frå 16 år, viser ein skikkeleg klassikar og ein norsk film dei komande to vekene.
NINJABABY Onsdag 18. oktober
Onsdag 18. oktober klokka 12:00 står den norske filmen NINJABABY på programmet. Den handlar om Rakel, som trur at ho har vorte gravid med ein det luktar smør av. Lett og humoristisk om eit i utgangspunktet vanskeleg tema – og med ein fantastisk rolleprestasjon av Kristine Kujaht Thorp.
FRIHETENS REGN onsdag 25. oktober
Onsdag 25. oktober klokka 12:00 viser dei filmen FRIHETENS REGN. Filmen blir rekna som den beste gjennom tidene på den største nettsida for film (imdb.com), om ein da skal tru dei tre millionane som har vurdert den. Og det bør ein. FRIHETENS REGN handlar om Andy som hamnar, heilt urettvist, i fengsel – og som prøvar å finne ut korleis han kan kome fri frå det.
Full oversikt over filmar og tider finn du på surnadal-kulturhus.no.