I dag er det nyoppkøyrte løyper i lysløypa på Tjønnmyran. Det siste snøfallet sikra nok snø til å kjøre på nye spor i lysløypa, seier Ståle Ansnes som stiller opp med traktor og spormaskin i anlegget. Etter at det hadde regna i fleire dagar så var det berre litt av sålen som låg att i løypa.
Det har faktisk kome litt meir snø på Tjønnmyran enn det er nede i bygda, så no er det faktisk skikkeleg blåsvix-føre rundt lysløypa. Så da er det berre å finne fram skiutstyret og ta ein tur!