Surnadal pensjonistlag var onsdag samla til medlemsmøte i kantina på sjukeheimen. Viktigaste posten på programmet var orientering om planarbeidet med nytt helsehus, og det var nok mange som trossa varmen for å høyre nytt om dette prosjektet. Leiar i pensjonistlaget Bitten Ranes ønska velkomen, og starta med allsong med «Alle fugler små de er» før Brage Einum slapp til med to kortreiste songar – den eine var laga saman med jaktlaget på Mogstadsetra, medan den andre handla om Vålåskarshelg frå Meldal. Både tekst og song fall i smak, og Brage fikk god applaus for songen sin.
Etterpå var det Pål Ranes som slapp til med presentasjon av prosjektarbeidet for nytt helsehus i Surnadal. Han er IT-ansvarleg i kommunen, og er prosjektleiar for det nye helsehuset. Dette er eit stort prosjekt som vil doble talet på plassar for heildøgsns omsorgsplassar. Prosjektet har ei kostnadsramme på mellom 400 og 500 millioner, alt etter kva alternativ ein endar på, og er det største prosjektet som nokon gong er gjennomført i Surnadal kommune. Pål Ranes hadde ein veldig god og ryddig presentasjon av prosjektet, og ga oss innblikk i proskjektet:
- Bakgrunn
- Historikk
- Kven plegges det for
- Kva er gjort siste året
- KVU – valg av kosept
- Vegen vidare
Prosjekt gruppa har gått grundig til verks, og alle som blir berørt har hatt mulegheit til å kome med innspel i den tidlege planprosessen, og det er veldig mykje å ta hensyn til i ein slik prosess. Historikken sier at prosessen med nytt helsehus starta med ein visjon i 2009, og dersom alt går etter plana skal nytt helsehus stå ferdig ein gong i 2027.
Planane hittil har vore basert på tal frå Telemark-forskning gjorde med tanke på kartlegging av utviklinga i kommunen. Det siste året har det også vore innled ekstern hjelp med tanke på kartlegging av behov for tjenester og bygg. Torsdag skal forresten kommunestyret ta stilling til val av konsept som ein skal arbeide vidare med. Neste trinn vil være å sende prosjektet ut på anbud for å få gode og kreative løysingar og eit grep på prisnivået.
Elles vart det meir allsong, lotteri og sjølvsagt ein kaffedråpe, før folk var slepte utatt i sommarvarmen igjen.