Søndag var det gudsteneste i Todalen kyrkje, der neste års konfirmantar vart presentert. Dei er tre i talet og skal gjennom hausten og vinteren få konfirmasjonsførebuing, og skal ta del i gudstenestene saman med soknepresten. Under gudstenesta var det også dåpshandling, der lille Louise Røv vart båret til dåpen.

I dag var det også dåpshandling under gudstenesta. Louise Røv vart båret til dåpen – her med foreldra Solfrid Moe og Espen Røv, fadrar og soknepresten. Foto: Jon Olav Ørsal
Dei tre konfirmantane er Ingebrigt Kvendset Bergli, maren Mikkelsen Karlsen og Martin Kvande Talgø. Dei startar konfirmantførebuinga med leiropphald i slutten av september, og skal vidare delta i førebuingane i kyrkja og delta i gjennomføringa av gudstenestene utover hausten og vinteren. Dato for konfirmasjon er ikkje fastsett enno, men her i Todalen er det tradisjon med konfirmasjon i løpet av vårparten – datoen blir kunngjort seinare.