Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Presentasjon av aspirantane i Start 4H

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 10. november 2020

Da den planlagde haustfesta til Start 4H, sist laurdag, måtte avlysast på grunn av smittevernsreglane, vart det teke kontakt med oss for å få medlemmene sine prosjekt presentert på todalen.no. Dette ville vi sjølvsagt bidra med, og her kjem ein presentasjon av dei åtte aspirantane i klubben sine prosjekt.

Nedanfor finn du ein liten presentasjon av kvart medlem og prosjektet deira, skrive av dei sjølv. Medlemmene fekk desse spørsmåla som dei skulle svare på: 

  •  Kva har du arbeidd med?
  • Kva var det mest morosame du opplevde medan du arbeidde med prosjektet?
  • Kva har du lært?
  • Kva er kjekt med å vera med i Start 4H?

Markus Bolme

Markus i aksjon på sykkelen sin. Foto: Privat

 

Markus i full fart. Foto: Privat

Markus Bolme er aspirant og har hatt Sykling som prosjekt. 

Eg har hatt sykling som prosjekt og sykla mykje turar i heile år. Og mykje med naboen min Ådne og vi har forskjellige hoppar vi brukar. I tillegg syklar eg på kvart klubbmøte og  på skulen kvar dag. Og i sommar har eg vært i trysil. Og i trysil er det ein stor sykkelpark. Og eg har vært på Løfta. 

Det kjekkaste med prosjektet var å skrive og fargelegge overskrifta.  

Eg har lært å skruve sykkel.
Det som er kjekt med å vera med i Start 4H er å komme på møte

Nils Erik Jacobsson Gjeldnes

Nils Erik køyrer traktor. Foto: Privat

Nils Erik er aspirant og har hatt Maskiner og hjelpe til på garden som prosjekt. 

Eg måtte køyre inn rundball når pappa var borte.

 Eg har arbeidet med sette opp og ta inn strømgjerdet.

Når vi hogget kratt til geitene hogga vi det med øks og køyrte det med firehjulingen.

Det artigaste var å køyre traktor.

Eg har lært å køyre inn rundball til sauene.

Det kjekkaste er at vi dreg på turar og skriv om det vi driver med.

Selma Skjerve Gjeldnes

Selma er aspirant, og har hatt isbjørnbamsen Ivar Ivarsen som prosjekt. Ho og Maria K. Bergli har hatt same oppgåve, og har lage ein fin felles PDF presentasjon. Presentasjonen deire kan du lese i si heilheit her: Selma og Maria si 4H oppgåve.

Jens Sancho H. Ansnes

Jens Sancho H. Ansnes. Foto: Privat

Eg heiter Jens Sancho og mitt prosjekt har vore fotball.

Det eg syntest var mest morosamt med prosjektet var å spele fotballkamp og vere saman med kompisane mine på laget.

Det eg har lært meg er å bli betre til å sentre til mine medspelarar og å treffe mål når eg skyt.

Det som er kjekt med å vere med i 4H er å få interessante oppgåver og gjere ting saman med dei andre medlemmene i klubben. Vi gjer mykje morosamt saman.

Trygve Aleksander Halle

Trygve Aleksander arbeider i fjøset. Foto: Privat

Eg heiter Trygve Aleksander Halle. Eg er 10 år og aspirant i Start 4H. I år har eg hatt fjøsstell som prosjekt.

Eg har jobbet i fjøset til pappa og mamma. Der har eg gjeve kalvane mjølk. Eg har vore med og fora ut rundball, skråpa møkk og rydda. Eg har også vore med på kalvefødslar. Eg var med og vaska mjølkrobot.

Det var en del utearbeid. Vi har satt opp utgar på våren og teke ned på høsten. I midten av juni jaga vi ungdyr til Romådalen. Eg har vore med og sett om dei fleire gongar.

Det mest morosame er å sitte på kontoret og spise kjeks og sjokolade. Det var også spennande og være med på kalvefødslar.

Eg har lært ganske mykje om kyr og kalvar og stell av dei.

Det er kjekt å være med i 4H fordi der treffer eg vennene mine. Og på møtene får vi veldig god kakao.

Sivert Sogge

Sivert Sogge har hatt Minecraft som oppgåve. Foto: Privat

Sivert Sogge er aspirant. Han har hatt arbeide med Minecraft som prosjekt. 

Eg kan spele mens eg gjer oppgåve.

Eg har lert at minecraft er som lego berre på data.

Det er artig og vere med i Start 4H får eg har mange eg kjenner som er med.

Aleksandra Krajewska

Nokre av teikningane til Aleksandra. Foto: Privat

Aleksandra igang med ei ny teikning! Foto: Privat.

Aleksandra er aspirant og har hat Arbeid med Teikning og  maling som prosjekt. 

Alt var morosamt når eg arbeidd med det men det var irriterende når eg ikkje fikk til noe

Eg har lært litt av det som eg har arbeidd med foreksempel og ikkje la penselen bli i vannet når du tar ein pause fra maling og at det er lurt og begynne først med blyant men ikkje med maling

Alt var kjekt.

Publisert: 10. november 2020, 14:00