Kvelden før kvelden var det hektisk øving til julekabareten «Færr hell i mot». Så langt er det meste av billettane til hovudframsyninga selt, medan det er ein del billettar att til framsyninga som startar kl 15. Uhenta billettar har gjort at det har vorte nokre billettar ledige til siste framsyninga kl 20, så her gjeld det å hive seg rundt og ta turen til ICA Todalen. Programsjef Svein Åge Saksen fortel at underhaldningsgjengen er i rute og har fått det meste på plass no og reknar med full trykk på premieren kl 15.
Det blir mykje song og musikk, der det er skrive mange nye tekster til julekabareten. På første framsyninga er enkel servering inkludert i prisen, medan det vil bli selt smårettar med forfriskingar som høyrer til under siste framsyninga kl 20.
Her er det mykje godt på menyen, og vi kan røpe at årets forrett er kremma blomkålsuppe m/skinke, hovudretten er bryst av ungdommeleg høne m/tilbehør og desserten er heimelaga is m/lune skogsbær. Altså litt for ein kvar smak.