I dag var det blautkake i Viastua. Premieredagen for oppstart av den nye mjølkeroboten må markerast såpass. Selbyggen Oddbjørn Stamnes frå Selbu har jobba 3-4 veker med montering av ny mjølkerobot i Viastufjøset. Dette er ei stor investering, godt over ein million, og sammen med ny automatisk kraftforstall vil nok det nye utstyret lette arbeidet etter kvart. Det tek nok litt tid for kyrne å bli vant til dette, men etter kvart blir det nok kø framfor mjølkeroboten. Heile systemet er datastyrt, og held kontroll med kva kyr som er mjølka, og kor mykje kraftfor dei har fått.
Dette er første mjølkeroboten som er montert i Todalen, og er første trinn i prosessen med utbygging av fjøset i Viastua. Seinare i år skal fjøset utvidast og moderniserast. Både fôring og mjølking blir modernisert, for å gjere arbeidet lettare og snarare. Etter utbygginga vil fjøset få plass til mellom 40 og 50 mjølekyr, fortel Gudmund K. Kvendset. Han overlet det datatekniske til sonen Ola, som no tek landbruksutdanning på Steinkjer. Det er mykje lettare for ungdommen å lære dette, gliser Gudmund, som fortel at Ola planlegg å ta over drifta etter kvart.
Sjå bilda fra igangkjøringa av mjølkeroboten nedafor. Alle foto: Jon Olav Ørsal