Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Premiere for nytt årsskrift for 2023

Jon Olav Ørsal Sundag 12. november 2023

Søndag var det bokslepp og premiere for det nye årsskrftet til Todalen Historielag. Det skjedde i Todalen ungdomshus, og arrangementet trekte praktisk talt full hus med historieinteresserte todalingar  – mellom 60 og 70 av historielagets knappe 200 medlemar deltok på boksleppet.  

Stor interesse for lokalhistoria i Todalen – 60-70 av medlemane møtte opp på boksleppet i Ungdomshuset søndag ettermiddag. Foto Jon Olav Ørsal

Årsskriftet for 2023 er nr 22 i rekkja for Todalen Historielag, og det er Dordi Jorunn Halle som har vore leiar i skriftsstyret som i tillegg har bestått av Wenche Kvendset, Sven Olav Svinvik, Sissel Halset Storslett og anna Ingeborg Nordvik.  John Moe som er leiar i historielaget rosa skriftstyret for god utført arbeid, og var imponert over resultatet. 

Leiar i historielagt John Moe ga ros til Dordi Jorunn og resten av skriftsstyret for jobben dei har gjort. Foto Jon Olav Ørsal

Årsskriftet for 2023 er som vanleg på godt og vel 80 sider, og har eit godt variert stoff som er rikt illustrert med bileder, skisser og illustrasjonar. Alle bileta er med og gjer heftet meir interessant og forklarande og ikkje minst er det artig å bla i minnenes album bakerst i heftet.  I tillegg er det mange interessante artiklar i årsskriftet – mellom anna har Einy Rendal skrive om historia til Buktaslekta som kom frå Dovre. Elles er det mange tema, slik som kunstnaren Dorothea Follestad, portrett av gründaren Erling Talgø, portrett av sydama Ingeborg Gjeldnes og historik tilbakeblikk på Todalen Ungdomslag.  

Årsskriftet har over 80 sider med god og interessant lokalhistorie Fotomontasje Jon Olav Ørsal

Bakels og graut til kaffen slår aldri feil, konstaterer Sissel Halset Storslett og Åse Redalen fast. Foto Jon Olav Ørsal

Elles informerte leiaren om flytteprosessen for Halsesamlinga som har hatt tilhald mange plassar  – no sist i biblioteket i den nedlagte skulen.  Her er det no rigga ein plass i den gamle garderoben i ungdomshuset – ein del av materialet er kome på plass no, og publikum var invitert til å sjå kva som er gjort, sjølv om utstillinga enno ikkje er ferdig.

Halsesamling blir no flytta til Todalen ungdomshus – enno står det att ein del jobb før alt er komplett. Foto Jon Olav Ørsal

Halsesamlinga blir no flytta til den gamle garderoben bak galleriet i ungdomshuset. Foto Jon Olav Ørsal

 

Først publisert: 12. november 2023, 18:52 - Sist oppdatert: 13. november 2023, 19:15