Jammen vart den nye terrassen på Todalshytta ferdig i dag, og derme man den takast i bruk alt på 17. mai dersom vêr og temperatur held seg innafor komfortsona. Som vi har skrive tidlegare vil det bli servert 3-retters 17.-maimeny på Todalshytta på grunnlovsdagen.

Harald Bjørlykke og Bjørnar Gullbrekken frå Trondheim saman med Arve Evensen og Terje Talgø. Foto Jon Olav Ørsal
Magne Søyset har nok stressa litt den siste tida for å bli ferdig i tide, og slik vart det. Den gamle uteterrassen er også oppdatert med nytt dekke, så i sommar skal det bli mange høgtidsstunder med god mat og drikke på uteterrassane, lover Arve Evensen som er vert på Todalshytta.
Først ute til å ta i bruk den nye terrassen vart imidlertid Bjørnar Gullbrekken og Harald Bjørlykke frå Trondheim, som har vore i området for å gå på ski. Da vi var innom satt dei på terrassen og venta på servering, og nytta høvet til å gjenopprette væskebalansen etter dagens tur til Snøfjellet. I går var dei på tilsvarende topptur til Ytre Sula, og kan rapportere om godt føre og fine tilhøve – faktisk var det tørr nysnø på toppene.

Litt stress vart det for å bli ferdige til grunnlovsdagen – Arve Evensen og Magne Søyset monterer nytt dekke på terrassen. Foto Jon Olav Ørsal

Den nye terrassen blir eit skikkeleg tilskot på serveringsfronten – faår berre håpe at det blir finvêrsdagar til uteserveing utover sommaren. Foto Jon Olav Ørsal.
Les også om 17.mai-menyen på Todalshytta – følg linken her