Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Premiere for ny stavgangsesong, med tur til Krokvassdalen

Jon Olav Ørsal Fredag 2. august 2024

Surnadal pensjonistlag starta sist torsdag haustsesongen med stavgangtur til Krokvassdalen. 14 stavgangarar møtte opp til vandring, og det vart ein fin start på haustsesongen i fint turvêr, skriv Svein Tjelle som har sendt oss info og bilde frå turen.

Johs., Brynhild og Sverre i teten. Foto Svein Tjelle

Matrast med kaffe tok gjengen ved Alvstusetra, der stavgangarane vart godt påpassa av nokre kviger som ikkje var vant med slike store kaffelag. Eit lite avbrekk i kvardagen for både stavgangarane og kvigene….

Todalingar på tur – Anders og Gudmund på tur til Krokvassdalen. Foto Svein Tjelle

Kafferast i det fri – godt med litt påfyll før turen tilbake til parkeringsplassen. Foto Svein Tjelle

Kva er det egentleg som foregår? Litt av eit kaffelag, forresten! Foto Svein Tjelle

Publisert: 2. august 2024, 08:33